Firda: Kva no, handelsbyen Førde?

Førde er blitt kalla noregsmeister i handel, med ein omsetnad som tilsvarar ein by med det dobbelte av Førde sitt innbyggjartal. Firda var på nyåret i gang med eit undersøkande prosjekt om Førde som handelsby, i samarbeid med SUJO. Før koronakrisa trefte var netthandelen de store utfordringa. I mars søkte Firda om midlar frå Fritt Ord til å utvide prosjektet, og sjå på korleis Førde vil takle koronakrisa og etterverknadene av den. Koronakrisa vil truleg treffe Førde hardt, sidan varehandel er nest største næringsveg. Gjennom året vil Firda, i samarbeid med SUJO, følgje næringslivet tett, gjennom nyheitsartiklar, reportasjar og innlegg frå lesarar. Målet er å vise konsekvensane av koronakrisa, etterverknadene av den og utfordringane handelsbyen står i. Reportasjeleder for prosjektet var SUJOs Kristine Holmelid.
Les sakene her

SUJO er medlem av

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram