Hjem
Undersøkende journalistikk
Saker

Masterprogram i undersøkande journalistikk (HEILTID)

På UiB sitt masterprogrammet i undersøkande journalistikk får du jobbe med å avdekke kritikkverdige tilhøve i samfunnet gjennom eit undersøkande, langsiktig journalistisk prosjekt. Søknadsfrist: 15. april.

Masterprogrammet er både produksjonsretta  og analytisk orientert.

Dette inneber at du skal produsere eit sjølvstendig journalistisk publiserbart graveprosjekt, samstundes som du arbeider med analytiske problemstillingar.

Produksjonen kan gjerast i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter og undervegs i prosjektet vil du få tett rettleiing av fagmiljøet.

På vegen vil du dessutan arbeide med ulike akademiske tilnærmingar til medieproduksjon.

Del av fagmiljø

Undersøkande journalistikk er eit felt i vekst, og studentar med denne utdanninga er attraktive for næringslivet. Gravejournalistikk blir mykje lest, sett og høyrt i nyheitsmedia, men det krev spesialisert kompetanse å produsere.

Som masterstudent blir du del av eit fagmiljø ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO), saman med dyktige reportasjeleiarar, doktorgradskandidatar og journalistar frå norske mediehus. Her får du fordjupe deg i undersøkande metode og formidling.

Heiltid

Masterprogrammet er eit heiltidsstudium, men studiet kan kombinerast med jobb til dømes i mediebedriftene i Media City Bergen.

Media City Bergen (MCB) er ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, Bergens Tidende, Khrono og ei rekkje medieteknologiselskap. Dette gir studentane ein unik nærleik til mediebransjen.

Ettertrakta på jobbmarknaden

Kompetansen du får i dette masterprogrammet gjer deg ettertrakta i ein pressa jobbmarknad i mediebransjen og kan vere avgjerande for om du får fast tilsetting.

  • Du kjem til å lære å analysere store datamengder og bryte ned komplekse problemstillingar
  • Vidare vil du lære engasjerande historieforteljing og digitale presentasjonsteknikkar
Masterstudenter diskuterer eigne prosjekt. Som masterstudent blir du del av eit fagmiljø ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO), saman med dyktige reportasjeleiarar, doktorgradskandidatar og journalistar frå norske mediehus.(Foto: Eivind Senneset)

Summen av dette vil gjere deg rusta til å fylle ei rekke roller innan ulike fagmiljø og yrker, som journalist, kommunikasjonsrådgjevar, forskar/researchar og etterforskar.

Med ein mastergrad kan du òg søkje opptak til forskerutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Studiekvardag

Du blir del av eit stort fagmiljø og får delta i spennande workshops med topp kvalifiserte undervisarar, journalistar og mange gjester utanfrå.

Du får jobbe tett med ulike fagmiljø og med andre studentar i ei lita, engasjert gruppe med journalistikkstudentar.

Undervisninga består av workshops, seminar, førelesingar og rettleiing, men i stor grad vel du sjølv korleis du legg opp arbeisdagane dine – i samarbeid med medstudentar og stab ved institutt og senter.

Som student kan du bli med i ei forskargruppe. Du får tilgang på delt arbeidsplass ved Senter for undersøkande journalistikkMedia City Bergen (MCB), midt i hjartet av Bergen.

Oppbygging

  • Semester 1: UJO301 Gravejournalistikken sitt grunnlag (30 studiepoeng)
  • Semester 2: UJO304 Prosjektdesign (30 studiepoeng)
  • Semester 3 og 4: UJO350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Masteroppgåva

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. Du utviklar dine eigne idear til både produksjonen og den analytiske oppgåva i undersøkande journalistikk. Det vert lagt stor vekt på kvalifisert idéutvikling, både praktisk og teoretisk. Til det får du tett oppfølging av rettleiarane dine.

Kva lærer du

Som student på masterprogrammet i undersøkande journalistikk lærer du å utvikle, gjennomføre og vurdere avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt som granskar komplekse tema. Du lærer òg korleis du kan bidra til nytenking og innovasjon på fagfeltet.

Du får omfattande innsikt i:

  • norske samfunnsinstitusjonar
  • offentleglova
  • personvern
  • presseetiske retningslinjer
  • kjeldevern og -behandling
  • å samle, tilarbeide og analysere store datamengder
  • digital presentasjonsteknikk

Slik søker du

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her

Andre relevante studieprogram frå Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen